onsdag 25. januar 2012

Jælma vanskelige spørsmål te døkk stakkaran!

Korleis ende treffninga med den svenske kaprar-båten i 1714?


Kvifor var Dynekilen eit så viktig slag?


Korleis greidde Tordenskjold å erobre Marstrand og festninga Karlsten?

3 kommentarer:

  1. 1. Fordi at Wessel var tomt for kular, så spurde han til mostanden sin om hvis han kunne ha litt mer kular og krut, derfor endte dette i 1714.

    SvarSlett
  2. 1. Skuddvekslinga med den den svenske kaprar-båten, blei langvarig. Etter ei stund, gjekk Tordenskjold tom for kular og spurde så motstandaren om han kunne få kular og krutt av dei. Dei gjekk delvis med på dette, men i staden for endte det opp med at dei steig oppå hyttane sine og skåla med kvarandre. Ein slik uformell oppførsel blei ikkje godt teke i mot hjå uvenane hans, og han blei snart stilt for krigsretten. Her blei han frikjend og ikkje lenge etter vart han forfremma til kaptein.

    2. Karl XII led store tap etter slaget i Dynekilen. Den svenske transportflåta som hadde lagt seg inn i Dynekilen. Denne skulle bringe artilleri, ammunisjon og proviant til Karl XII sin beleringshær ved Fredrikstens festning. Då 9 av dei 13 svenske skipa vart erobra, leid svenskekongen store tap og blei så svekka at han måtte gje opp felttoget i Noreg.

    3. Etter å ha skjenka ein svenskparlamentær frå festninga Karlsten, kaptein Utfall, rimeleg full, så førte Tordenskjold han rundt i gatane. Her fekk han sjå fleire troppar gong på og fekk inntrykket av at Tordenskjold hadde ein stor hærstyrke med seg. Eigentleg hadde troppane hans berre fløtt seg etter og stilt seg opp igjen og igjen slik at den fulle paralmentæren trudde dei var troppar tilnærma over alt. Med dette i minne gjekk han attende til festninga kor han råda kommandanten til å kapitulere for Tordenskjold sin store hær. Kapitulasjonen blei gjennomførd. Det er denne hendelsen uttrykket «Tordenskjold sine soldatar» kjem frå.

    SvarSlett
  3. 1.1. Fordi at Wessel var tomt for kular, så spurde han til mostanden sin om hvis han kunne ha litt mer kular og krut, derfor endte dette i 1714.

    2. Ei svensk transportflåte under flaggskipet Strömstjerna hadde lagt seg innerst i den 4 kilometer lange fjorden. Dette var den fyste artilleri, ammunisjon og provianten til Karl XII sin beleiringshær ved Fredriksten festning, og meininga var at krigsmateriellet herfrå skulle førast over lad til Svinesund.

    3. Det er sagt at han skjenka ein svensk parlamentær frå Festninga, kaptein Utfall, full. Etterpå førte han kaptein Utfall rundt om i Marstrand medan Tordenskjold sin fåtalige soldatar forflytta seg frå gate til gate, slik at den ikkje edrue kapteinen passerte dei mange gongar og fekk inntrykk av at dei var langt fleire enn dei eigentleg var. Med dette frisk i minne vendte parlamentæren attende til festninga og råda kommandanten til å kapitulere, noko som også skjedde.

    SvarSlett