Peter Wessel Tordenskjold var ein norsk-dansk sjøhelt, som vart fødd i Trondheim den 28. oktober. 1690 og døydde 20. november 1720. I Trondheim var han nummer 14 av 18 søsken. Der hadde familien fleire eigendommar, men ein omfattande brann gjorde at rikdommen deira vart kraftig redusert. Han var ein villstyring i ungdomsåra sine, og rømde i 1704 saman med Fredrik IV sitt følgje til København. Kongen hadde vore på besøk saman med flåten sin i Trondheim på grunn av ei kongehylling som skulle finne stad i byen. Der budde fetteren hans, Dr. Peder Jespersen som tok seg av han.
Når Peter Wessel vart 15 år vart han skipsgut på eit dansk slaveskip som segla frå København til St. Thomas i Dansk Vestindia, og frå 1708 til 1710 var han på eit skip som skulle til den dansk-norske kolonien Trankebar i Østindia. I juli 1711 vart han under-løytnant og nestkommanderande på fregatten «Postillonen» og kom med denne til Noreg. Her heime vart general Løvendal så imponert at han vart sekondløytnant på eit lite krigsskip som heitte «Ormen», utstyrt med 5 kanonar, og seinare på den nybygde fregatten «Løvendals Galei», utstyrt med 18 8- og 6-punds kanonar. Med denne fregatten slutta han seg hausten 1712 til den dansk-norske hovudflåten i Austersjøen under flåteadmiral Ulrik Fredrik Gyldenløve. Gyldenløve vart etter kvar svært imponert av Wessel på grunn av moten hans, foraktsomheita og det eineståande sjø-mannskapet. Petter vart ofte brukt som speidarteneste. Når han kom bort i kamp med svenske skip veik han aldri, sjølv om han var talmessig underlegen. Peter Wessel slapp også heile tida heilskinna frå desse konfrontasjonane sidan han var snarrådig, iskald og dyktig i å manøvrere. I september 1712 utmerka han seg under øydelegginga av den svenske transportflåten ved Rügen og vart forfremma til kapteinløytnant, og i 1713 førte han ein konvoi frå Noreg til Nederland, og hadde seinare ein dumdristig kamp med to svenske linjeskip. Men han manøvrerte så bra at han vann over svenskane.
I 1714 kom han i kamp ein svensk kaprar-båt som var leidd av ein engelskmann. Dette var omtrent i same farvatnet mellom Noreg og Nederland. Etter å ha skote mot kvarandre lenge, gjekk Wessel tom for kular. Så da spurde han motstandaren sin om han kunne få kular og krut. Dette gjekk engelskmannen delvis med på, og det endte med at dei begge med glas i handa steig oppå hyttane sine og skåla med kvarandre. Denne uregelmessige oppførselen på slagmarka førte til at uvenane fekk han stilt for krigsrett. Men han vart frikjend og seinare forfremma til kaptein.
I april 1715 var han med på sigeren over svenskane ved Kolberger Heide. Peter hindra svenskane i å øydeleggje sine skip og erobra fregatten «Hvita Örn» som han nå fekk styring over. Dessutan vart han av den takknemlege Fredrik IV adla han under namnet Tordenskjold.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar