torsdag 15. desember 2011

Marstrand

26 juli 1719 utførte han det andre store slaget sitt med erobringa av Marstrand og festninga Karlsten. Her oppstod uttrykket «Tordenskjold sine soldatar», men det historisk ikkje heilt sikkert. Det er sagt at han skjenka ein svensk parlamentær frå Festninga, kaptein Utfall, full. Etterpå førte han kaptein Utfall rundt om i Marstrand medan Tordenskjold sin fåtalige soldatar forflytta seg frå gate til gate, slik at den ikkje edrue kapteinen passerte dei mange gongar og fekk inntrykk av at dei var langt fleire enn dei eigentleg var. Med dette frisk i minne vendte parlamentæren attende til festninga og råda kommandanten til å kapitulere, noko som også skjedde. Uttrykket «Tordenskjold sine soldatar» brukast i dag om personar som stadig går att på offentlege, politiske eller faglege områder.

Sjølv om Tordenskjold hadde eit nytt mislykka framstøyt mot Göteborg, vart han forfremma til viseadmiral. Tordenskjold sin siste innsats under krigen var det vellykka angrepet på Nya Varvet i Göteborg. Etter freden med Sverige i 1720 ville Tordenskjold gifte seg med ei rik dame i England. Men på turen dit i Hannover kom han i ein konflikt med ein svensk oberst Jacob Axel Staël von Holstein. Dette endte med at Peter Wessel Tordenskjold døydde i ein omdiskutert duell med denne svenske obersten 20 oktober 1720. Liket til Tordenskjold låg utan seremoni i kjellaren på Holmens kyrkje i København i nesten 100 år, før Fredrik VI fekk laga ein sarkofag og flytta den opp i kyrkja i 1819.

i dag regnast Tordenskjold klok taktikar og ein dyktig strateg, og han betraktast i dag ikkje berre som tvillingrikane sin mest berømte, men også største sjøhelt etter Niels Juel. Sjøforsvaret sin skule heiter i dag KNM Tordenskjold. Vi kan på mange måtar seie at han redda Noreg frå Karl XII sine erobrinsambisjonar. I dag står Tordenskjoldstatua i fødebyen Trondheim og skuar utover folket sitt.

5 kommentarer:

  1. Det står en Toredenskiold-statue og skuer ut over Aker Brygge også - i Oslo!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kor æ kjildan dine på detta gutt?

      Slett
  2. Kor æ kjildan dinne på detta gutt?

    SvarSlett
  3. Hei!

    Rart du ikke har nevn no særlig om slaget på stikklestad eller det store oppgjører i Bergen som fikk en avgjørende konsekvens for samtida i Norge!!
    Viktig at du trekker med slike hendelser i en historisk blogg!

    SvarSlett