Den 8. juli 1716 vann Tordenskjold det slaget som han er mest kjend for. Ei svensk transportflåte under flaggskipet Strömstjerna hadde lagt seg innerst i den 4 kilometer lange fjorden. Dette var den fyste artilleri, ammunisjon og provianten til Karl XII sin beleiringshær ved Fredriksten festning, og meininga var at krigsmateriellet herfrå skulle førast over lad til Svinesund. Transportskipa var beskytta av svenske orlogsfartøy samt eit batteri på ein holme og ca. 4000 mann infanteri. Tordenskjold sitt angrep var svært dristig, sjølv om han var artilleristisk overlegen, men dette vart utjamna med det svenske batteriet og infanteriet. Tordenskjold sin eskadre bestod fregattane «Hvide Ørn» (som hadde fått dansk uttale) og «Vindhunden», 3 galleleiar og 2 stykk-prammar (mindre krigsskip). Kampen byrja ved 7-tida om morgonen, batteriet på holmen vart storma og fornagla, og ved 1-tida strauk Strömstjerna flagget. Dei svenske galeiane vart sette på land, og besentingane rømte. Men no kom den vanskelegaste delen av arbeidet, nemleg å få dei svenske fartøya under det fiendtleg infanteri sin eld og under stadig fare for at krut-skipa skulle sprenge. Klokka 9 om kvelden var hamna rydda, men bukseringen ut i fjorden tok heile natta. Av 13 svenske skip vart 9 erobra, det svenske orlogsskipet «Stenbocken», 5 galeiar, 2 dobbel sluppar (minste krigsskipa) og 1 strøm-båt. 5 av desse var lasta med artillerimateriell. 4 skip vart senka eller brann opp. Av Tordenskjold sine 931 mann var 4/5 norske. Hans samla tap var 19 død og 57 såra. Med denne sigeren mista beleiringshæren til Karl XII alt av artilleri og krut, og måtte difor oppgi felttoget i Noreg. Dessutan mista svenskane store delar av flåten sin. Dette er rekna som det mest berømte sjøslaget i den norske militærhistoria.
Etter dette laget vart han forfremma til kommandør og fekk ei gullmedalje av kongen. Året etter vart han kommandør for ein eskadre som skulle angripe Göteborg, men på grunn av at dei underordna ikkje ville følgje ordre, slo angrepet feil. Det same gjorde angrepet på Strömstad. På nytt utnytta motstandarane hans uhellet, og fekk han avsett og stilt for krigsrett. Men Tordenskjold vart frifunne att. I desember 1718 fekk han kommandoen over ein mindre eskadre som skulle til Noreg, og i Moss høyrde han om Karl XII sitt fall ved Fredriksten. Da segla han med ein gong til København så han kunne vere den fyste som fortalde Fredrik IV denne nyheita. Som takk vart han utnemnt til schoubijnacht (kontreadmiral).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar