Etter fredsavtalen i 1660 fekk Noreg dei grensene mot Sverige som landet har i dag. Grensene vart ikkje endra etter at Danmark-Noreg på nytt gjekk laus på Sverige i 1675. Kampane vart stort sett utkjempa i Skåne og Bohuslän, og den dansk-norske hæren og flåten greidde seg betre mot svenskane enn på lenge. Men Frankrike dikterte fredsvilkåra i 1679. Det førte til at dei danske forhandlarane måtte gi avkall på erobringane sine.
Men den dansk-norske kongen ønskte revansje. Han såg at det var mogleg dersom han gjekk inn i ein allianse med Russland, Polen og Sachsen – mot Sverige. Det førte til utbrotet av den store nordiske krigen, som frå 1700 til 1721 vart kjempa i Aust- og Nord-Europa mellom alliansen på den eine sida og Sverige under Karl XII på den andre. Alliansen gjekk til åtak på Sverige i 1700, men Danmark-Noreg måtte trekkje seg ut av krigen og slutte fred same året. Sverige sin krig mot Russland, Polen og Sachsen heldt fram.
I 1709 leid Karl og hæren hans eit katastrofalt nederlag ved Poltava i det noverande Ukraina og rømde til Tyrkia. Den dansk-norske kongen Fredrik IV ville utnytte den svekte stillinga til Sverige – slik som kongane før han hadde gjort med lite hell i 1657 og 1675 – og erklærte krig mot Sverige i 1709. Det utløyste nye kampar både til lands og på sjøen.
Karl XII kom først heim til Sverige i 1714. To år seinare leidde han personleg eit åtak på Noreg. Han erobra Kristiania, men greidde ikkje å tå Akershus festning og måtte trekkje seg tilbake. Og her kom Tordenskjold inn i bilete med sigeren ved Dynekilen i juli 1716, som førte til at Karl XII måtte gje opp å innta Fredriksten festning ved Halden.
I 1718 rykte soldatane til svenskekongen på nytt over grensa. Ein styrke gjekk inn i Trøndelag, mens hovudstyrka gjekk til åtak på Fredriksten festning. Det var her Karl XII fall med anten ei norsk eller ei svensk kule, mest sannsynleg norsk. Det førte til at dei svenske troppane enda ein gong stansa felttoget sitt i Noreg. Danmark-Noreg og Sverige slutta fred i 1720. Krigen hadde ikkje ført til nye land-avståingar, men hadde vore ei enorm belastning for samfunnet både fordi mange menneskeliv gjekk tapt og på grunn av økonomiske tap. Mange unge menn måtte still i uniform i staden for å gjere nytte for seg heime. Overalt vart det klaga over mangel på mannleg arbeidskraft i gardsarbeidet. Norske skip med last vart dessutan erobra av svenske kaprarar, og store verdiar gjekk tapt. Kongen skreiv ut tyngande ekstraskattar for å dekkje utgiftene til krigen. Dette ramma heile samfunnet, frå embetsmenn, borgarar og bønder og til låglønte tenarar.